Sponsorar
NM skiskyting har fått
hovudsponsorane på plass. Då vi starta dette arbeidet, hadde vi eit mål å
skaffe 5-6 hovudsponsorar. Det blei gjort vurderingar om å sette
arbeidet vekk til profesjonelle, men det blei til at vi tok oppgåva sjølve.
No har vi nådd målet, og skaffa
oss 6 hovudsponsorar: Dette er alle verksemder som har lokal tilknytning,
samtidig som dei er å finne regionalt og nasjonalt. Det er følgjande
verksemder:
Statens Vegvesen
Coop
Sparebank1 Vest
Norgesvinduet
Normatic
Stårheim Bilverkstad / Citroen.
Desse avtalane er med å skaffar oss eit trygt økonomisk fundament, og gjer
oss i stand til å legge kvalitet inn i alle delar av arrangementet.
Det som har vore viktig for
sponsorane når dei brukar etter måten mykje pengar på dette arrangementet,
er at det er eit arrangement som omfattar heile kommunen og at det er mange
som vil kunne nyte godt av eit eventuelt overskot.Overskotet skal delast
mellom idrettslaga som er med på arrangementet. Største delen av overskotet
skal avsettast i eit fond som skal kunne nyttast til sportsleg satsing i
framtida, både på skiskyting og langrenn.
Det har også vore viktig at
skiskyttarmiljøet har produsert gode resultat, og at dei har utøvarar som
representerar sporten på ein svært god måte.
NM-komiteen har peika ut ein eigen
person som har ansvar for tett oppfølging av sponsorane Dette er Ranveig Årskog.
Einar Løken og Håvard Orheim har
hatt hovedansvaret for å framforhandle avtalene.
Bli med på NM-laget!
Vi arbeider framleis med å
skaffe mindre sponsorar, så det er endå ikkje for seint å bli med på
laget.
Til gjengjeld kan vi tilby positiv profilering i ein idrett som opplever ein sterk auke i interesse både blant publikum
og i media. Skiskyting er som skapt for TV- mediet, og det dreg alle andre medier med seg. Skiskyttarforbundet
har ein avtale med NRK om minst 45 minutt sending frå NM, og vi ser ikkje bort frå at forhandlingar kan føre
til sendingar ut over dette. Arrangementet vårt kjem kort tid etter OL, og gode norske prestasjonar der, vil heilt sikkert
auke medietrykket under NM.
Sponsorpakkar:
Reklame
over kvar enkel blink:
Pris: Kr.
10.000,- pr. blink
Stor
sponsor pakke
Pris: Kr.
50.000,-
Avtale:
·
Stor profilering på arena
·
Egen utstillingsplass på / ved arena
·
Spesiell profilering heimeside
·
1/1 side i programhefte
·
Stor
annonse i NM avis ( 40 000 eksemplar )
·
Representantar frå Dykkar bedrift og evnt. samarbeidspartnarar blir
invitert til VIP-hus på Tua for bevertning og lett underholdning under
arrangementet
Liten
sponsor pakke
Pris: Kr. 25.000,-
Avtale:
·
Arena reklame
·
Utstillingsplass på / ved arena
·
Profilering på heimeside
·
1/2 side i programhefte
·
Annonse i NM avis ( 40 000 eksemplar )
Mini
sponsor pakke ( Felles opplegg med NM jaktfelt )
Pris:
Kr. 10.000,-
NM skiskyting
Pris: Kr.
10.000,-
NM jaktfelt
Fellespakke for begge arrangement: Pris
kr 15.000,-
Nyttar
same reklameskilt på begge arrangement
Avtale
NM Skiskyting:
·
Arena reklame, enkelt skilt som blir henta frå andre
stadionanlegg
·
Gratis 1/2 side i programhefte
·
Profilering på heimeside
VIP
sponsor
Pris: Kr.
50.000,-
Avtale:
Logo / varemerke på vidu i VIP hus
Profilering for øvrig i VIP hus
Startnummer
sponsor
Pris:
Kr. 20.000,-
Avtale:
Logo / varemerke på ein startnummerserie
Programhefte
Pris:
Kr. 1.000,- 1/2 side
Kr.
2.000,- 1/1 side
Arenareklame:
kr 2000,- pr løpemeter
NM avis
35.000 eksemplar. Blir distribuert til store delar av Sogn og Fjordane og søre
Sunnmøre
Annonseprisar:
1/1 side: kr 12.000
1/2 side: kr 6.500,-
1/4 side: kr 3.750,-
1/6 side: kr 2600,-
Tillegg for fargar
Gåvepremiar
Ein god del av konkurransane skal premierast med gåvepremiar.
Her treng ein mange premiar i ulike prisklasser. ( frå 400,- til
3000,-)
Liste
over sponsorobjekt:
*Arenareklame i form av skilt eller omtale over høgtalaranlegget
*Startnummerreklame
*Utstilling på/ved arena og ved sermoniområde
*Reklame i lokaler
*Reklame på start- og målport
*Reklame på standplasskilt
*Reklame over blinkane
*Sponsorvegg som brukast ved intervju -
seremoniar- pressekonferansar etc
*Programhefte *NM avis *Internettsider *Startlister *Resultatlister
*Brevark *Konvoluttar *Parkeringsbilletttar.
Vi er ellers opne for eventuelle andre former for
samarbeid som kan profilere di verksemd. Vi vil arrangere eitt eller fleire
sponsortreff under NM.
|