Zet.no

Hovedside
Program
Arrangørane
Arena
Sponsorar
Eldre nyheter
Intern
Innkvartering
Adresseliste
Veteran-NM
Arrangement




 



Eid Elektro

 

 




Eldre nyheter:

08.02.02.  Vi ynskjer skulane velkomne til NM!
Alle skulane i Nordfjord og på søre Sunnmøre er invitert til å vere publikum på Tua anten onsdagen eller fredagen.  Vi syter for busstransport til og frå Tua til ein svært rimeleg pris. Tilbodet gjeld alle som melder seg på innan 01. mars.
Vi oppmodar alle om å kle seg ut, ta med flagg og bjøller, lage heiarop og songar, slik at det blir skikkeleg NM- stemning på arenaen.
Meir informasjon kan innhentast frå Astrid G. Torheim, tlf dagtid :57 88 63 40, kveld: 57 86 26 44,  mobil: 911 38992

07.02.02.  NM-effektane er komne i butikkane.
Vi har bestillt inn ein del effekter som skal seljast til publikum før og under arrangementet. Fine gensarar og  krus er no til sals i sportsbutikkane på Eid.

16.01.02  NM-sirkus midt i Nordfjordeid sentrum!
Plasseringa  av sirkusteltet til Agora er no bestemt. Det skal stå midt i sentrum, nærare bestemt mellom Betania og Frislid butikken. Dette var arrangørane sitt primære ynskje, og oppmålingar har vist at det blir plasss nok. I teltet skal opningsseremonien og premieutdelingar finne stad, i tillegg til mange andre aktivitetar.
agora.jpg (71541 byte) 

15.01.02:  Opplegget rundt tidtaking og kontroll kjem på plass.
Opplegget rundt tidtaking og kontroll under NM skiskyting tek til å kome på plass. Det er eit omfattande apparat av utstyr og folk som skal til for å sikre at alt går rett føre seg, og at rette resultatlister kan presenterast straks konkurransane er ferdige. Vi har kika på lista over folk som har fått ulike oppgåver her, og talde 55 personar til saman.
 Det blir også lagt vekt på ei god speakerteneste,  og då er det viktig med mykje og rett informasjon inn til speakerbua. Speaker blir Tore Bøygard frå Ål, ein kjend person i skiskyttarmiljøet. Han er ein av drivkreftene rundt skiskyttarsenteret Liatoppen på Ål, og var speaker under NM der i fjor.
Datamaskinene på bygdekontoret på Stårheim skal drifte tidtakarsystemet. Fire maskiner skal koplast sama i eit nettverk, og sørgje for rett tid og at rett antal treff blir registrert. Tidtakarutstyr og programvare er levert frå Alge Timing på Voss. Tidtakarsjef Geir Isene har brukt mykje tid for å få alt installert og testa ut, slik at sjansane for at det skal oppstå feil skal vere minst mogeleg.
Ein må likevel ha eit system for manuell tidtaking i tilfelle noko skulle gå gale.
Ei av datamaskinene på operasjonsbordet

05.11.01. TD Svein Hjort på besøk.  (Utdrag frå reportasje i Fjordabladet)

-Dette ser bra ut-, seier teknisk delegert Svein Hjort, som er skiskyttarforbundet sin representant i NM-komiteen. Hjort har vore på synfaring på Tua i helga, og har hatt møte med dei ulike komiteane for å få eit oversyn over korleis dei har tenkt å organisere ulike delar av arrangementet.

  - Det er mange detaljar som skal på plass, og ofte er det nyttig å sjå ting utafrå, seier Svein Hjort som har erfaring både som leiar for organisasjonskomiteen  under VM i Oslo i fjor, og som OL-ansvarleg for skiskyting på Lillehammer  i 1994.

  Leiaren i rennkomiteen, Arve Heimdal kjenner det betryggande at ein så erfaren kar som Hjort går i gjennom både det reint fysiske og det organisasjonsmessige opplegget.  Ein ting er å planleggje og lage fine løyper, men det skal også vere i tråd med reglementet til dømes i høve til stigningstilhøve og høgdeskilnader.

  - Det er slett ikkje slappe løyper vi har laga, flirer Heimdal, som er mest uroa for om Vårherre vil spele på lag. Med nyleg opparbeidde løyper og arenaområde er det nokså gjørmete no etter den våte hausten. No trengst det tørrvêr og kulde slik at ein får laga ein issåle i botnen.

Store investeringar på Tua
 

Førebuingane til NM arrangementa i april har pågått  for fullt på Tua heile hausten.  Samla er det gjort arbeid og investeringar for tre millionar kroner, og no er standplass og løypenett  klar til å ta imot snø og kulde. Det er Heggjabygda idrettslag og Stårheim idrettslag som står som hovudarrangør for NM i skiskyting, som skal arrangerast i byrjinga av april.  Seinare same månad er det NM i Jaktfelt. 

Det er blitt laga ein god del nye løyper på Tua slik at ein no sit med eit fleksibelt løypenett som også kan nyttast til vanleg langrenn. Parkeringsplassen er utvida, og det er laga eigen snuplass for bussar. Ein er også i ferd med å leggje ut kablar slik at ein kan få registrert mellomtid etter strafferunde skyting. Standplassen er blitt renovert, det manglar berre litt masse i målområdet.  Laurdag støypte dugnadsgjengen fundament for 25 skiskyttarblinkar, men framleis står det att mykje dugnadsjobbing før alt er klart. Det skal mellom anna byggjast eit eige rom på standplass, og dataanlegget med tre maskiner i nettverk må køyrast inn. Resultata frå konkurransane vil fortløpande bli lagt ut på nettet. 

Dessutan skal det installerast eit nytt opplegg for straum med avbrotssikre kursar slik at arrangørane kan sove trygt.

Reidar Vonheim   er arenasjef, med ansvar for at start, målområde og strafferunde fungerer som det skal. Han fortel at det berre er litt planeringsarbeid att før arenaen er klar til å ta imot vinteren.  I alt har det vore nytta 350 maskintimar og 2000 dugnadstimar berre på denne delen av anlegget.
Løypenettet  har dei jobba med heilt sidan i byrjinga av juli, og på den delen står det endå att ein del finarbeid for å planleggje korleis dei skal nyttast under rennet.

Fellesanlegget Tua har investert i ny trakkemaskin til ein halv million kroner, og så snart snøen legg seg vil det bli sett i gang arbeid med å pakke snø.

tua2_07.10.01.jpg (71557 byte)  tua3_07.10.01.jpg (70399 byte)  tua4_07.10.01.jpg (77219 byte)
Bilder tekne 07.10.01.


09.10.01.  Konkurranseprogrammet er klart....

Onsdag 03.04.02:  
Normalprogram kvinner, 15 km
Normalprogram menn, 20 km 

Fredag 05.04.02:
Sprint kvinner, 7.5 km 
Sprint  menn, 10 km

Laurdag 06.04.02:
Jaktstart kvinner, 10 km
Jaktstart menn, 12,5 km

Søndag 07.04.02
Stafett kvinner, 3 x 7,5 km
Stafett menn, 4 x 7,5 km 

Fullstendig timeplan med starttider, opningstider for rennkontor, treningstider osv. vil finnast her    så snart den er klar.

I tillegg til konkurransane blir det lagt opp til eit breitt program med utenomsportslege arrangement. Det er inngått avtale med sirkus Agora om leige av sirkustelt. Teltet vil bli plassert i Nordfjordeid sentrum  og vil  gje plass til ca 500 personar. Dette vil være staden for  opningssermoni, premieutdelingar, kulturaktivitetar, vikingkveld og nordfjordkveld, og ein vil hente inn underhaldningskrefter både lokalt og innan Nordfjord elles.  Detaljert program vil bli presentert her    så snart det er klart.


12.07.01  Oppsummering av førebuingane so langt:
Ferien står for døra, også for dei som er aktive i dei ymse komiteeane for NM 2002.  Vi føler at vi alt er komne eit godt stykke på veg når det gjeld planlegging i grove trekk.
Det er gledeleg at det er tilført midlar til utbygging av skiskytterarena og løypenett slik vi ynskjer det, og arbeidet startar opp med det fyrste.  Det er fyrst og fremst Eid kommune ein må takke for å ha medverka til
dette, både politisk og admnistrativt.  Den politiske leiinga i Eid kommune syner med dette at dei ynskjer at NM 2002 skal kome vel i hamn og at det vert eit meisterskap som skal hugsast både av deltakarar og publikum.
Det er ikkje berre på arena og i løypene det skal satsast, men også i sentrum. Det er inngått avtale med sirkus Agora om leige av sirkustelt,  dette vil ta ca 500 personar og vil være staden for 
opningssermoni, premieutdelingar, kulturaktivitetar, vikingkveld og nordfjordkveld, og ein vil hente inn underhaldningskrefter både lokalt og innan Nordfjord elles.

Det har vore halde møter i dei fleste komiteeane og personell er utplukka til aktuelle jobbar.

Datoen for arrangementet er sett til 2 – 7 april 2002.  Då denne var fastsett vart det kalla inn til pressekonferanse, og pressa vart orientert om planene.  Etter oppmoding frå Oppvekst- og kulturstyret orienterte underteikna om planene på eit møte den 19. Juni.

I tillegg har det vore avhalde møter med politi, vegvesen, kommune, Nordfjord og Sunnmøre Billag, NM i Jaktfelt, handelsstanden og Euf, og det er inngått avtaler om overnatting, servering m.m.

Lokalt skal ein samarbeide med NM i Jaktfelt 2002 om lokal sponsosrstønad.  Det er m.a. henta inn gevinstar til eit felles NM-lotteri og det skal gjerast felles framstøyt om anonsesal i begge NM-avisene.  Det vert gjeve ut 2 NM-aviser, eit for kvart arrangement i lag med Nordfjordeid Senter.

Det er og teke kontakt med aktuelle sponsorar til premiar.

Vi ynskjer å få 5 – 6 hovudsponsorar som skyt  inn større beløp, og vi har vendt oss til nokre  bedrifter. Nokre har alt vist positiv intteresse.  Dette er eit viktig arbeid, slik at her må ein berre stå på.  I slike tilfelle må ein  nytte dei kanalar in kan.  Det er utarbeidt diverse sponsorpakkar, opplegg for seminar, VIP, bankett m.m. I tilegg er vi garantert sending på NRK TV med 45 min.  Sparebank 1 har alt ytt oss tilskot på kr 25.000,- og Stårheim og Heggjabygda idrettslag har gått inn med kr 25.000,- kvar.  Det er sendt søknad til Sogn og Fjordane fylke om kulturmidlar, men der fekk vi avslag. 

Sjølv om det er ferietid, vil vi likevel være i stand til å  utføre nødvendig arbeid spesielt med tanke på utbygging på Tua og med ein del kontakt overfor aktuelle sponsorar.

Eg vil stil slutt anbefale alle som kan å følgje med på heimesidene våre, 
http://nm 2002.zet.no der spalten ”siste nytt” kan være av interesse. 

God ferie, og vi satsar på å starte opp att i månedskifte august/september.

Håvard Orheim

27.05.01  Dato for arrangementet er no fastsett.  Skiskyttarforbundet har gjort vedtak om at NM 2002 skal gå av stabelen i perioden 02. - 07. april 2002. Det vil seie at opningsseremonien  blir tysdag etter påske, fyrste konkurranse blir normaldistanse onsdag 3. april. Deretter blir det sprint torsdag, konkurransefri fredag, jaktstart laurdag, og stafettar  og avslutning   søndag 7. april. Vi hadde hadde ynskt å ha arrangementet ein månad tidlegare, rett etter OL, men då blir det for tett opp til World Cup konkurransar og militært VM. 
Vi har inngått avtale med cirkus Agora om leige av sirkustelt, som vi vil bruke til seremoniar og aktivitetar i Nordfjordeid sentrum denne veka.

02.04.01 NM-bodstikka er komen til Eid!   Til NM i Meråker i fjor blei det laga ei bodstikke som skal vandre mellom NM-arrangørane. Denne har no hatt ein sentral plass i organisasjonen på Ål. Under den fine banketten på laurdagskvelden, blei den levert vidare til Håvard Orheim, og han  har ansvaret for den inntil vi er fedige med vårt arrangement, og skal levere den vidare til Tromsø, som har teke på seg NM i 2003.
Vi gratulerar dei dyktige arrangørane ved Liatoppen skisenter i Ål med eit prikkfritt arrangement, og takkar for den svært gode mottakinga vi fekk når vi kom dit som gjester. Om vi ikkje skal kopiere alt som dei har gjort, så har vi i alle fall lært ein del om å ta vare på gjester under  arrangementet.

21.03.01 Denne veka blir årets NM arrangert på Liatoppen skisenter i Ål i Hallingdal. Frå Stårheim IL stiller desse løparane: Evelyn Lauvstad Hanevold, Joacim Hafsås, Lene Reanate Vonheim, Kåre Måge, Leif Gillesdal og Arve Heimdal. Dei tre sistnemnde stiller i veteran-NM på laurdag. Dessuten har Arve Heimdal fått den viktige oppgåva å vere TD under arrangementet, så han har ei travel veke. 
Evelyn  fekk ein god start på meisterskapen, ved å bli nr. 10 på normaldistansen. Start- og resultatlister fins på arrangøren sine heimesider:  www.liatoppen.com 
I tillegg til dei aktive, vil vi  vere tilstades med representantar frå dei forskjellige arrangementskomiteane, for å lære mest muleg om kva krav vi vil møte med neste år når det er vår tur.

11.03.01 Ein del sentrale personar i arrangørstaben vil vi presentere nærare med bilde og litt meir informasjon. Vi ser det som ein fordel at tilreisande deltakarar og leiarar kjenner nokre ansikt før dei kjem hit. Nokre slike presentasjonar har vi i dag lagt ut på sida "Arrangørane". Fleire kjem til etter kvart...

11.03.01. NM skiskyting er ikkje einaste store arrangementet i Stigedalen i 2002. Nokre veker etter vårt arrangement, blir det arrangert NM i jaktfelt. Dette er eit stort arrangement, med kanskje meir enn 1000 deltakarar. Vi har gjort avtale om eit visst samarbeid om lokale økonomiske tiltak. Eitt av desse tiltaka  blir eit NM-lotteri.

05.03.2001
Ei ny stor helg for skiskyttarane frå Stårheim! Under Kvalfossprinten i Holmenkollen dominerte Stårheimarane resultatlistene i 15-årsklassen. Denne konkurransen  har status som nordisk meisterskap for 14- og 15-åringar. Laurdag vann Stine Øvreberg sprinten, medan tvillingbroren Espen blei nr 2. Eirik Hafsås blei nr 5 og Ronny Hafsås nr 6. På den påfølgjande jaktstarten fall Stine ned til 4. plass. Espen heldt 2. plassen sin, medan Eirik og Ronny bytta plasseringar. Sjå bilde av dei unge talenta...

01.03.2001
Medlemer i  hovedkomiteen hadde i dag informasjonsmøte med representantar frå handelstanden, reiselivet, andre lag og organisasjonar og diverse andre interesserte. Det vart ein konstruktiv dialog, med utveksling av informasjon og ideear om aktivitetar og tiltak under NM-veka.

18.02.2001
15-åringane frå Stårheim dominerte under Hovedlandsrennet på Hernes i helga.
Stine Øvreberg vann både normalen og sprintdistansen, og tok sølv på stafetten for Sogn og Fjordane etter ein fantastisk sisteetappe.
Tvillingbroren Espen fekk bronsemedalje på normalen, og han gjekk sisteetappen på stafettlaget til Sogn og Fjordane som vann stafetten etter eit dramatisk spurtoppgjer.
Også Ronny Hafsås og Eirik Hafsås gjekk gode etappar på vinnarlaget, og begge hadde gode plasseringar individuelt. Vi gratulerar dei unge talenta med innsatsen!