Zet.no

Hovedside
Program
Arrangørane
Arena
Sponsorar
Eldre nyheter
Intern
Innkvartering
Adresseliste
 Veteran-NM
Arrangement





 

 

 


OPPLEV NORDFJORDKULTUREN 

Under NM veka vil vi setje fokus på Nordfjord som ein region, der både kultur- og næringslivet blømer. Arrangementa vil ha forankringa si i den lokale kulturen, med underhaldningskrefter frå vår eigen region.  Vi ønskjer at NM skal verte ein folkefest både på arena og i sentrum. Vi har difor plassert eit av telta til Sirkus Agora ( plass til 600 pers. ) midt i Nordfjordeid sentrum. Her vil opningsseremoni og premieseremoniar gå føre seg.  

Opningsseremoni

NM veka startar med opningsseremoni i NM teltet tysdag 2. april.  Seremonien vil ta utgangspunkt i Vikingtida og den norrøne kultur som har fått sitt fotfeste på Nordfjordeid. Her vil fredsskipet Embla og vikingar vere sentrale, med musikk frå gammal tid, samt tenning av NM elden på gamalt vis. Ein seremoni med kulturelt særpreg som vil vere minneverdig å få med seg.  

Premieseremoniar

Med sirkustelt og sirkusstemning vil vi skape ei heilt spesiell ramme omkring premieseremoniane. Fjordhesten vil vere ein naturleg del av seremonien, og vil entre manesjen med medaljevinnarane på ryggen. 

Lett underhaldning, samt eit høgdepunkt under kvar seremoni vil krydre premieseremoniane, bla. vert det duell på slakk line mellom Ole Einar Bjørndalen og vår eigen sirkusdirektør og lineakrobat Jan Kjetil Smørdal.  

NM seminar  ” Det er meg det kommer an på ”

Ope NM seminar der den anerkjende Frank Beck vil vere forelesar.

Det er meg det kommer an på” fokuserer på korleis vi kan tileigne oss kunnskap for å tenke enkelt, snakke enkelt og tore å gjere ting enkelt. Frank Beck har lang erfaring i å hjelpe bedrifter, kommunar, toppidrettsutøvarar og andre kulturpersonar med å betre sine eigne prestasjonar. Her vil det være avgrensa tal plassar, så ver tidleg ute med bestillingar. 

Nordfjordkveld

Det beste av kulturkrefter frå Nordfjord med kjende artistar som Jorun Erdal, Vestavind, Michael Pavelich og Arne Sølvberg i spissen vil syte for ein kulturkveld med høg kvalitet. Etter programmet vil det bli dans med god dansemusikk. Vi vonar dette skal lokke både lokalbefolkning og tilreisande til ein kulturell og stemningsfull kveld i god Nordfjord tradisjon. 

Bankett

 

NM banketten i Eid Idrettshus vil avslutte kulturarrangementa. Det vert tradisjonell nordfjordmat, lett underhaldning med lokale aktørar og som vanleg vert det innslag med Svaland & Stoltenberg. Påmelding til bankett saman med påmelding til renn.

 

Med denne ramma omkring arrangementet vonar vi at dette skal verte ein folkefest der våre gjester vil trivast, og hugse Nordfjord som ein triveleg og gjestfri stad.

Viser elles til våre heimesider for nærare informasjon og påmeldingar. http://nm2002.zet.no/