Zet.no
Hovedside
Program
Arrangørane
Arena
Sponsorar
Eldre nyheter
Intern
Innkvartering
Kristen Hundeide, ordførar i Eid kommune. Har vore Høgre sin ordførar og varaordførar i ei årrekkje. Har også leiarerfaring frå næringlivet

Helsing frå ordføraren

Eid kommune Iigg i skjeringspunktet mellom kyst og innland i fantastisk vestlandsnatur. Med kommunesenteret Nordfjordeid som utgangspunkt kan du innan ein time nå alt Nordfjord har å by på av attraksjonar -frå Strynefjellet i aust til storhavet og Vestkapp i vest. Viktige vegar som E39 Bergen-Trondheim og RV15 Måløy-Otta kryssar kvarandre i Nordfjordeid sentrurn og gjer dette til eit kommunikasjonsmessig knutepunkt. Frå kommunesenteret har vi gode kommunikasjonsmoglegheiter i alle retningar både med bil, fly og båt ( ca. 20 min. til flyplass og ca. 40 min. til Måløy havn).

Eid kommune har i overkant av 5.800 innbyggjarar og er mellom dei kommunane som har hatt auke i folketalet i siste 1O-års perioden. Eid fungerer som administrasjonssenter for Nordfjordregionen -og er vertskommune for m.a. sjukehus, sorenskrivarembete, jordskifterett og bilitlsyn.

Kommunen har eit godt utbygd og velfungerande skuletilbod. Barnehagedekninga er god og vi kan tilby ledige bustadtomter i alle bygdelaga i kommunen. Nordfjordeid er eit attraktivt handelssenter med breitt utval innanfor dei fleste bransjar. Næringslivet i kommunen er variert med m.a. næringsmiddelindustri, trevareindustri, konfeksjon, transport, skipsbygging og service. Gjennom nyleg vedteken kommuneplan har vi Iagt til rette meir areal både for industri, handel og servicenæringar. Sjølv om kommunen dei siste åra har hatt store utfordringar og tap av arbeidsplassar -som følgje av omstruktureringar innanfor landbrukssamvirke og forverra konkurransevilkår for skipsindustrien -har vi Iikevel svært låg arbeidsløyse. Næringslivet er prega av optimisme og tru på framtida. Kommunen har freista å tilrettelegge for nyskaping og utvikling m.a. gjennom aktivt bruk av næringsfond og tilrettelegging av industrilokale og areal.

I samarbeid med lokalt næringsliv, SIVA og fylkeskommunen er i desse dagar selskapet Nordfjord Næringshage ein realitet. Til no er ca. 10 bedrifter med i dette prosjektet. I dette selskapet vert det skapt eit ekspansivt miljø for IT -kompetanse og prognosene tyder på at ein her kan skape ca. 50 nye arbeidsplassar i Iøpet av 1 -3 år. Næringshageselskapet har i skrivande stund ikkje avgjort kva Iokale dei vil satse på i Nordfjordeid sentrum -og vi ser med spaning fram til om dette vert nybygg eller eit allereide eksisterande bygg.

For meir informasjon: ring telefon 57 88 58 00.

Kristen Hundeide
ordførar

Tilbake