Zet.no Klikk for større bilde








  Hovudside Program Arrangørane Arena Sponsorar Eldre nyheter Intern Innkvartering Adresseliste Veteran-NM Arrangement Bildegalleri Bussruter

 

Dei to NM-arrangementa blei vellukka på grunn av godt  samarbeid på mange felt. 2002-05-04: Trekningsliste for NM-lotteriet.
NM-lotteriet har vore eit samarbeid mellom NM skiskyting og NM jaktfelt. Lotteriet har ei ramme på kr 100.000,- og overskotet skal delast likt mellom dei to arrangementskomiteane. Målet var å selje alle lodda, og det målet blei nesten nådd. Det blei selt lodd for 93-94.000 kroner, og sidan alle gevinstane var gåver, blir overskotet tilnærma like stort.
Lotteriet blei trekt på siste konkurransedag under NM jaktfelt, og her er lista over dei lukkelege vinnarane:
Les meir...

2002-04-24: Tid for oppsummering
Etter noke dagar med lav kvilepuls og beina høgt, var det sist veke igjen møteverksemd for NM-arrangørane. Dei ulike komiteane møttest for å oppsummere positive og negative erfaringar. Sjølv om arrangementet var vellukka på dei aller fleste felt, vil det alltid finnast ting som kunne vore gjort betre eller enklare. Alle komiteane vil levere skriftlege rapportar, som blir samla i ei mappe til bruk ved seinare arrangement. Komiteen som hadde ansvaret for bevertning har endåtil levert si oppsummering på vers. Vi tek med desse versa, fordi dei er representative for det dei andre komiteane melder tilbake: Det blei gjort enkelte tabbar under vegs, det var travle dagar for svært mange, det var ei god og avslappa stemning både i arrangørkorpset og mellom leiarar og løparar, og dei aller fleste er villige å stille opp ein annan gong.
Les alle versa.
Les meir...

2002-04-21: Gode sjåartal for TV-programmet søndagskvelden
Magasinprogrammet som NRK sende om NM skiskyting på sein kveldstid søndag 7. april blei registrert med 306.000 sjåarar. 35% av alle over 12 år som såg fjernsyn på det tidspunktet såg på NRK. Denne prosenten var nok mykje større her i kommunen, for det var nesten ikkje folk eller bilar å sjå ute denne halvtimen. Sjølv om vi gjerne skulle sett at NRK hadde endå breiare dekning av arrangementet, er vi godt nøgde med programmet på søndagskvelden. Det var god reklame for Eid kommune og heile regionen, og det fekk vist at NM på Nordfjordeid var ei fin oppleving for heile skiskyttarfamilien i Noreg.

2002-04-09: NM-festen er over.
Gjestane er reist heim igjen, og på Tua er det tomt og stilt. Folk er tilbake på arbeid igjen, og det er tilnærma normaltilstand igjen i heimane rundt om i bygda. Kva sit vi så igjen med etter denne fantastiske NM-veka? Jau, vi sit igjen med mange nye erfaringar og kunnskapar, vi har fått mange nye vener og kjende, skiskyttarsporten har fått mange nye vener her i distriktet, og vi sit igjen med eit anlegg som er kraftig opprusta både når det gjeld løyper, arena og utstyr. Og ikkje minst ser det ut til at vi sit igjen med eit pent økonomisk overskot, som skal brukast til sportsleg utvikling dei komande åra. Det er derfor grunn til å rettte ein stor takk til alle dei som har stillt opp og gjort ein kjempeinnsats både før og under NM-veka! Dette gjeld fleire hundre personar, og alle er like viktige. Saman greidde vi å lage arrangementet til ein fest, og det skal vi gå rundt og vere stolte over lenge framover.

Roger Gruben lærte eit og anna knep av sexologen Roy Aron Myklebust 2002-04-07: "Sogn og Tunellane"
Dette var skiskyttaren Ole Kristian Stoltenberg sitt forslag til namn på fylket vårt på banketten laurdagskvelden. Ein bankett som strekte seg over fire timar, men som ikkje på nokon måte verka langdryg. Stoltenberg og Svaland, ein kjend duo frå mange NM-bankettar tidlegare, hadde fått med seg ein anna skiskyttar, Hans Prøsch, og det showet som denne trioen gjennomførte var eit av høgdepunkta på banketten. Dette var stand-up komedie på høgt nivå!
I overkant av 400 personar var benka rundt langborda i Eid idrettshus, der dei fekk servert tre retters middag. Det var gamalost frå Vik som forrett, hjortegryte som hovudrett og sitronfromasj som dessert, og alt dette vart servert på ein imponerande rask og effektiv måte. Elles inneheldt banketten det tradisjonelle programmet med medalje- og premieutdeling, talar og helsingar og det var nesten ikkje måte på til skryt som kom arrangørane til del. Spesielt var det kjekt å høyre frå dei aktive at dei set stor pris på at heile skiskyttarfamilien i landet kan vere saman ei veke på tampen av sesongen, slik som dei har vore her den siste veka. Elles i året reiser dei ulike laga rundt innanlands og utanlands kvar for seg.
Banketten blei leia av skiskyttaren Torstein Tvinnereim på ein humørfylt og fin måte, medan speaker Tore Bøygard tok seg av premieseremonien.

2002-04-07: Sogn og Fjordane på 7 plass.
Sogn og Fjordane tok ein flott 7 plass under stafetten på Nordfjordeid søndag. Stafetten vart vunne av storfavorittane frå Buskerud, med Oslo og Akershus på andre plass, 3, 13 minutt etter gullvinnarane og Hordaland på tredje 4,21 minutt etter. Det var Joar Tistel frå Vik, Roger Lillestøl, Hornindal, Edvard Tvinnerheim, Hardbagg og Ingar Løvlid, Heggjabygda som gjekk på laget som kom i mål 8,14 minutt etter vinnaren.

2002-04-07: Buskerud vann herrestaffetten.
Storfavorittane frå Buskerud hadde ingen problem med å sikre sigeren under herrestaffetten på Nordfjordeid søndag. Laget med Ole Kristian Stoltenberg frå Ål på fyrste etappe, Dag Bjørndalen på andre, Frode Andresen på tredje og Ole Einar Bjørndalen på fjerde utklassa dei andre laga og var over tre minutt føre Oslo og Akershus med mellom andre både Stan Echoff, Fossum og Halvard Hanevold på laget på andre plass. Hordaland tok bronsemedaljen etter ei glimrande siste etappe av Tor Halvor Bjørnstad frå Voss.

2002-04-07: Sogn og Fjordane tok bronse på stafetten
Evelyn Lauvstad Hanevold, Stårheim og dei to vikjene, Arna Kolltveit og Ann Kristin Flatland tok i år som dei gjorde på Ål i fjor ein tredjeplass på staffetten.

- Eg er ikkje nøgd med skytinga, 5 strafferundar er alt for mykje til å ta sølv slik vi hadde tatt mål av oss til. Eg og Ann Kristin fekk det vel ikkje heilt til, men Arna gjorde eit godt løp, seier Lauvstad Hanevold.

Arna Kolltveit presterte ei godt gjennomført stafettetappe.

- Eg gjekk eit ganske godt løp og er generelt godt nøgd, vel brukte eg nokre ekstraskot, men eg fekk ingen strafferundar,seier Kolltveit. Sisteårsjunioren Ann Kristin Flatland frå Vik gjekk sisteetappen for Sogn og Fjordane og ho var misnøgd med løpet sitt.

- Skota gjekk i hytt og pine, nei dette var ikkje bra, eg hadde jo håpa på sølvet, avsluttar Flatland.

2002-04-07: Favorittsiger til Hordaland på stafetten.
Hordaland, med Liv Kjersti Eikeland,Liv Grete Poiree og Ann Elen Skjelbreid på laget vart norsk meister i stafett for kvinner under NM på Nordfjordeid søndag. Klubblaget frå Hålandsdalen tok i år som i fjor ein overlegen siger, dei var 3,51 minutt før Oppland som vart nummer 2 og 5,40 minutt før Sogn og Fjordane som vart nummer 3 – akkurat dei same plasseringane som desse laga hadde under NM på Ål i fjor. Etter ei godt gjennomført løp av Eikeland på fyrste etappe, knuste NM-dronninga Poiree konkurrentane på andre og avgjorde i realiteten staffetten der, difor vart det rein plankekøyring for Ann Elen Skjelbreid på ankeretappen.

2002-04-06: Norgescupen 2001-2002
Jon Per Nygaard, Øversjødalen, og Hege Nilssen, Stålkameratene, vann Norgescupen som blei avslutta med jaktstart her på Nordfjordeid i dag. Egil Gjelland frå Voss, Joar Tistel frå Vik og Torje Håland frå Figgjo/Sirdal kom på dei neste plassane. I kvinneklassen blei Jori Mørkve fråVossestrand nr 2, Linnea Poromaa, Jämt biathlon blei nr 3, Anne Ingstadbjørg, Meråker nr. 4 og Arna Kolltveit frå Vik nr 5.

Klikk under for komplett liste
Les meir...


[ Trekningsliste for NM-lotteriet. ][ Tid for oppsummering ][ Gode sjåartal for TV-programmet søndagskvelden ][ NM-festen er over. ][ "Sogn og Tunellane" ][ Sogn og Fjordane på 7 plass. ][ Buskerud vann herrestaffetten. ][ Sogn og Fjordane tok bronse på stafetten ][ Favorittsiger til Hordaland på stafetten. ][ Norgescupen 2001-2002 ][ Bjørndalen best i NM-drama ][ Fin NM-innsats av Evelyn ][ Liv Grete suveren NM dronning ][ Beste sidan OL ][ Liv Grete i rekordfart ][ Sølv til Borhild Ouren. ][ Avslappa stemning på NM-arenaen i dag ][ Det blei ein flott premieseremoni i NM-teltet i går. ][ 2500 venta på Tua fredag ][ Landskamp Norge-Italia ][ Småsjuk Bjørndalen ][ Første NM-gull til Gjelland ][ Beste NM-innsats for Mykland ][ Burde klart det idag! ][ Visste eg vann med tre treff ][ NM-elden kveikt i går kveld. ][ Bussruter til Tua ][ NM med eige bildearkiv ][ NM-telt i sentrum under oppsetting ][ Endring i programmet! ][ Siste fase av førebuingane. ][ NM kamera frå Tua ][ NM samarbeid om nyheter ][ Mykje flotte premiar ][ Speakertenesta er i dei beste hender. ]

 
 
  • RESULTAT Stafett herrer
  • RESULTAT Stafett kvinner
  • RESULTAT Veteran NM 2002
  • RESULTAT : Norgescup 2001-02
  • RESULTAT Jaktstart herrer
  • RESULTAT Jaktstart kvinner
  • RESULTAT Sprint Herrer
  • RESULTAT Sprint kvinner
  • RESULTAT Normalprogram herrar
  • RESULTAT Normalprogram kvinner